Øystese sin årlege knokkelcup for fotballspelarar over middagshøgden vart i år vunnen av Lærarlaget. I finalen slo dei Strandebarm med 5-3 der Øystein Sundsøy vart den som avgjorde ein jevn finale med sine to scoringer heilt på slutten. I bronsefinalen vann Sofaslitarane over Ålvik. Fleire lag måtte melde avbod pga lang veg til Øystese med stengt Kvamskog. Me satser på at dei dukkar opp neste år.

Øystese Fotball gratulerer Lærarlaget med finalesiger og pokal.