Øystese sitt guttelag møtte i dag Åsane i semifinalen i kretsmesterskapet. Det vart ein jevn og tett kamp uten alt for mange sjanser. Anført av kaptein Hans Berge hadde Øystese dei fleste sjansane i fyrste omgang og leia også fortjent 1-0 til pause. Åsane tok meir over i andre omgang og det var derfor ikkje ufortjent at dei utlikna midtvegs i omgangen.  Men heilt på slutten avgjer Chris Ronny Håheim kampen i Øystese sin favør. Chris flytta til Ålvik i sommar og har i heile haust vore ein nyttig tilvekst til Øystese sitt guttelag. Chris får ballen på kanten drar seg forbi ein Åsanespelar og får drømmetreff frå ca 25 meter. Ballen går inn heilt oppe i krysset. Stor jubel og finale for Øystese sitt guttelag til helga