3 flotte personer som samtidig er gode fotballspelarar forlater Øystese til hausten. Nokon midlertidig , andre permanent.

1 – Bjørn Kristian Vines som er avgangselev ved Øystese Gymnas skal i militæret. BK som også er kaptein på juniorlaget har hatt ein god vårsesong. Sjølv med stort eksamenspress på gymnaset har unggutten fått med seg dei fleste A kampane til Øystese i vår. BK har spelt seg til bortimot fast plass i førsteellevaren men vert sannsynlegvis ikkje aktuell på haustsesongen. Me satsar på at BK held seg i form i militæret og er klar for spel dei helgene han er heime i Øystese på perm

2 – Bernt Ove Slyngstad som er lensmannsbetjent i Øystese flytter til austlandet. For få forbrytere i Øystese gjer at Bernt søker nye utfordringer på østlandet. Bernt har ein svært god statistikk med Blaget. Kun 3 poengere dei kampane Bernt har spelt. Også Alaget har nytt godt av Bernts kompromisslause forsvarsspel i enkelte kamper. Bernt byrjar i ny jobb i midten av august so han rekker kanskje ein kamp eller to før han vender nasa austover.

3 – Erlend Grønningen flytter enda lengre. Sør Sudan er neste stoppestad for den elegante midtbanespelaren. Gjennom leger uten grenser skal han jobbe på eit lite sjukehus nord i landet. Blant slanger, skorpioner og landevegsrøvarar vil Erlend klare seg bra. Øystese er i forhandlingar med ein Sør Sudansk klubb om eit utlån

Øystese Fotball ynskjer alle tre lykke til der dei skal skriva nye kapittel i sine liv.