Øystese sine juniorjenter er heime att etter ein innhaldsrik treningsleir i Portugal. Frå oppmann Vidar Østerbø har me fått denne rapporten:

12 junior jenter frå Øystese fotball er heime att etter 9 dagar treningsleir i Évora, Portugal. Omfanget av treningane utgjer om lag tilsvarande 2 månader vanleg trening heime. Jentene rakk å spele 3 kampar og ei rad andre aktivitetar som vertskapet vårt la til rette; fantastisk hyggeleg møte med ein ny kultur og ein smak av internasjonal erfaring er med i sekken heim att. Takk til fotballorganisasjonen i Evora, Vitor, Jota og Andre! Takk jenter for formidabel representasjon for Øystese fotball og Norge.

João Vitor, Jota Pereira og André Matos inviterte J19 Øystese fotball til 9 dagar treningsleir i Evora. Jentene inntok Evora by – byen med sin 2000-årige historie med spor etter romarriket. Laget var nok eit ekstraordinært innslag i gatebilete og vinterkledde portugisarar kikka langt etter blåjakkene. Slagordet etter første dags byvandring var; «Sightseeing is not seeing the city, but let the city see us! » Opplegget kom i stand i samarbeid med den lokale fotballorganisasjonen Grupo Desportivo Santo António. Forutan to reisedagar og ein bytur til Lisboa, gjennomførte jentene 2 treningar pr dag (2,5tX2) med unntak av kampdagar. Vi deltok i ei lokal turnering med 3 andre lag (7ar fotball). 7ar lag vart valt pga at det lokale laget St.Antonio skulle spele seriekamp i nasjonal 2. divisjon (9.plass pt). Øystesejentene nådde lett finalen etter innleiande kamp mot Amarleija (1-12). Vidare I finalen mot St.Antonio gjorde jentene ein flott 7ar kamp der vi gjekk til pause med eitt mål leiing. Kampen enda med 2-1 siger til St.Antonio og Øystese tok dermed 2.plassen. Etter at St.Antonio spelte sin 2.div kamp heime mot Albufeira (7.pl) søndagen (1-5), så var det duka for revansjeoppgjer mot Øystese onsdag med ordinært 11ar lag. Dvs at Øystese mangla målvakt, så her steppa Delfino Ramalho inn for oss. Øystese-jentene hadde eit vanvittig sprudlande humør I kampen og gjennomførte til punkt og prikke den strategien som var innøvd på treningane – ein eksamen med topp karakter; 0-3 (0-2). Trenar Vitor fortel i bilen på veg attende til Norge at han kunne berre ta seg ein pose popcorn og sitje ned og nyte kampen – observere det som skjedde. Vidare innrømmer han at dette er ei av dei største idrettsopplevingane han har hatt I sitt 25-årige liv.

Det var stor mediainteresse for fotball og for Øystese sitt besøk i Évora. Både TV, radio og aviser var på pletten for å rapportere det “sensasjonelle” at eit lite bygdis-lag hamlar opp med 2.div senior damer frå eit distrikt med 60 000 innbyggjarar.

Øystese-jentene blei degga for tidleg og seint. St.Antonio-damene fiksa for oss. Henta oss på flyplassen I Lisboa med vans utlånt frå Universitetet, møtte på alle treningane våre og kom med vatn/lunchpakke etter kvar trening. Følte oss som VIPar og tykte vi kledde rolla godt på den røde løparen. Ein kveld serverte dei middag og stor morro I klubbhuset – uforgløymeleg! Me fekk spantert alle måltid – og vi kan ikkje få rekke ein stor nok takk til Vitor for mykje og god (og noko veldig interessant) mat og drikke som han organiserte lett som ingen ting

Hospitant St.Antonio- og landslagspelaren (senior dame) Andreia Curado (f. 1999) trena med oss ei økt og var straks klar for å underteikne kontrakt med Øystese J. Ho viste stor fotballdugleik og løfta nivået på treninga monaleg. Takk for innsatsen Andreia!

Tur til hovudstaden andre krumspring

Måndag var det treningsfri og bytur. Vertskapet stilte med vans og privatbilar med høgtalarar som befesta laget sin nye musikkgenre! Vi besøkte Kristus-monumentet og eit megadigert kjøpesenter (sikkert Antikristus-monumentet?). Resultatet av shoppingturen overgjekk, om mogleg, resultatet av fotballbragdene.

Øystese sine juniorjenter bør dermed vera i rute til seriestart. Fyrste kamp for jentene er 5 april heime mot Gneist i cupen