På grunn av eksamner, karantener,skader m.m måtte trenar Marcelo grave djupt for å finne nok spelarar til dagens juniorkamp. Men 11 mann klarte å komme seg avgårde til Åsane. Av desse 11 holdt halvparten gutt 16 alder.  2 guttespelarar debuterte på juniorlaget; Tor Børve Rasmussen og Joas Vare Vik.  Øystese tok initativet i bortekampen mot Åsane og Eirik Tjøstheim gav bortelaget leiinga 1-0.  Åsane fekk frispark inne i Øystese sin 16 meter etter eit tilbakespel. Det frisparket utnytta dei godt slik at det vart 1-1. Deretter gjekk Åsane opp i både 2-1 og 3-1.  3-1 var og resultatet til pause. Etter pause leverte Øystese sine juniorar ein sterk snuoperasjon. Fyrst gjer Magnus Skjelvan alt sjølv då han tar ballen frå forsvarer, kjem mot keeper og scorer enkelt til 2-3.  Utlikninga er det Marius Nernes som sørger for. Snuoperasjonen er eit faktum då Magnus Skjelvan setter inn eit nytt mål på eit flott langskot. Heilt til slutt set Erlend Lilletveit Kvåle spikeren i Åsanekista med 5-3 etter flott spel

Dette betyr at Øystese inntek 2 plassen på tabellen som du kan sjå her
https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/hjem/?fiksId=149852