Kristin Gluck-Teigland er tilsett som ny dagleg leiar for fritidsordninga (IFO og FFO) til Øystese Idrettslag ved fotballgruppa. Kristin har allsidig bakgrunn med idrettsfagleg utdanning og mellom anna erfaring som dagleg leiar for treningsenter. I tillegg til dette har ho også eit sterkt engasjement for friluftsliv og natur.

Kristin (37) har også jobbet som idrettspedagog på Geilomo Barnesjukehus, samt arrangert ein rekke aktiviteter for barn og unge både innendørs og utendørs i over 20 år. Ho er levande engasjert i menneske og er sjølv ein allsidig idrettsutøver og friluftsentusiast. Hennar siste engasjement i tillegg til vertskapsrollen på Storeteigen, var hos Bergen og Hordaland Turlag i Bergen. Sidan november i fjor er ho og mannen AK busett i Øystese på ubestemt tid, og ho avslutta engasjementet i Bergen til påske.

Me er svært glade for å ha fått på plass ein så god kanditat til stillinga og er trygge på at Kristin vil kunne bidra godt til å utvikle fritidsordninga vidare!