I august flyttar Ole Andre Glesnes til Øystese. Han byrjar då å jobbe på Idrettsfritidsordninga til Øystese Fotball. Samtidig tek han over Marcelo sin trenarjobb på B lag/juniorlag. I tillegg skal han også ha ansvaret for g14 laget til Øystese.  Webredaksjonen har fått ein liten prat med Ole Andre på banen i Øystese

1 – Kven er Ole Andre ?  Eg er ein 26 år gammal nyutdanna treningsfysiologi.  Oppvaksen i Eikelandsosen men budd dei siste åra i Trondheim i samband med utdanninga mi på NTNU. Eg har nyleg fullført ei masteroppgave med temaet styrketrening og dens effekt på fotballspelarar på eit høgt nivå. Denne er gjort på spelarane på eit A lag i OBOS ligaen.
Videre er eg glad i natur og idrett, spesielt fotball, ski og sykkel

2 – Kvifor flytter du til Øystese ? Eg har ein del tilknytning til Øystese gjennom at ein del slekt bur her samt at eg ser på jobben eg skal ta fatt på som ei kjempeutfordring. I tillegg får eg flytte til den vakreste naturperla i Hardanger. Fleire av mine medstudenter på NTNU kaller Øystese for postkortbygda

3 – Kva målsetning har du med fotballen ?  Eg har som mål å utvikle dei eg er trenar for samt å utvikla meg sjølv til å bli ein betre trenar. Men også viktig å ha det moro medan me har utvikling

4 – Korleis ser du på jobben på IFO ? Det vert ein superkombinasjon. Fysisk aktivitet og trening ligg jo mitt hjerte nærmast som treningsfysiolog og eg gledar meg til å ha aktiviteter for små barn på IFO

5 – Held du deg i aktivitet sjølv ?  Ja eg spelar ein del fotball (på lavt nivå) , syklar, glad i å gå i fjell (det vert det heldigvis gode muligheter for i Øystese) og glad i å gå på ski.  Dei siste 4 åra har eg også delteke på Lurkalarm (MiniTriatlon som er ein del av Bygdalarm) og vunne dei to siste åra i lagkonkurransen i lag med to søskenborn frå Øystese (Eirik og Sindre Gjøsæter)

6 – Noko meir ? – Ikkje noko anna enn at eg gler meg til å flytte til Øystese i midten av august og ta fatt på IFO jobb og trenarjobb

Øystese Fotball ynskjer Ole Andre velkommen til Øystese og lykke til med både IFO og trenarjobb