Øystese Fotball har vore utan sportssjef sidan Erling Fykse i sommar forlot Kvam til fordel for Nordhordaland Ballklubb og Knarvik. Det er derfor hyggeleg å presentere Øystese sin nye sportssjef; Christian Kjosås. Ekstra hyggeleg er det at ein har greid å fylle stillinga med ein lokal helt. Christian har ein brei fotball bakgrunn både på og utanfor banen.  Erfaringa som keeper finn du i intervjuet med han.  Utanfor banen gjennomførte Christian ein bachelor i sport og bevegelse i Nederland før han flytta heim att til Norge og Kvam. Dei siste åra har han vore sportssjef i Norheimsund samt bruk tid på meir utdanning innan fotball. Christian har gjennomført Leiarkurs 1, 2 og 3 gjennom NFF samt påbegynt UEFA B lisens.  Webredaksj0nen har fått eit par ord med den nye sportssjefen til Øystese

1 – Kvifor går du til Øystese no ? Eg går til Øystese IL no fordi eg fekk eit tilbod om å bli sportssjef med nye utfordringar. I og med at eg ikkje hadde jobb lengre i Norheimsund var valget enkelt. Eg ser fram til å bli kjend med klubben.

2 – Kva kan du tilføre Øystese Fotball som sportssjef? Etter å ha gjennomført fleire ledarkurs i NFF Hordaland og no som eg held på med UEFA B trenarkurset trur eg at ØIL kan dra nytta av kunnskapen eg har fått der. I tillegg trur eg at eg kan bidra med å vere ein god trenarveiledar i klubben og trenar.

3 – Kva ambisjonar har du innan fotballen? Innanfor fotballen har eg alltid stilt meg høge mål. Før som spelar, men no som sportssjef/trenar. No er målsetninga å få trene eit lag på det høgaste nivået. Om det er i ungdomsfotballen eller om det er på senior nivå, spelar inga rolle. Så lenge eg har glede i arbeidet eg gjer.

4 – Korleis trur du det går med Øystese i 2017 Eg trur at A-laget kan vere med å slåss i toppen av tabellen. Elles trur eg at undomslaga kan gjere det bra i dei ulike divisjonane, og og ikkje minst at spelarane i barnefotballen får eit flott tilbod der dei trivst og har glede.

5 – Kan du fortelja litt om spelarkarrieren din ? I Nederland var eg på prøvespel i FC Groningen(i 2006) og i SC Cambuur(i 2008), men diverre utan å få kontrakt. Fekk jo trena med superstjerne som Levchenko og Luis Suarez so var jo utrulig kjekt som unggutt å få oppleva da. Etter prøvespelet i Cambuur gjekk eg til Be Quick 1887, som er ein av dei største amatørklubbane i Nord-Nederland. Der spelte eg i 4 sesongar og var med å rykka opp til «Topklasse»(semi-proffnivået). I tillegg vann eg serien med 2.laget 3 av 4 år.  Dei tre siste sesongane har eg vokta buret til Norheimsund i 5 divisjon

6 – Noko anna du vil få fram ? Eg gler meg til å koma i gang med ny utfordrande jobb.

Øystese Fotball ynskjer Christian lykke til i jobben