Øystese Cup er blitt ein stor cup med mange deltakande lag. Webredaksjonen har fått eit par ord med to stk som har vore med heilt frå starten.  Roger Vassnes har vore turneringsleiar alle åra og Kristi Opsanger har vore matsjef alle åra.

Til Roger
1 – Korleis starta det heile ?
Det starta i 2012. Då ringte eg rundt til ein del eg kjenner i andre klubber samt utflytta kvemmingar som er trenere i andre klubber og fekk dei til å bli med på cup siste helga i Øystese. Me var ekstremt heldig med været fyrste året og sekretariatet blei iallefall kraftig solbrent

2 – Kor mange frivillige er med ?  Fyrste året klarte me oss med foreldra i klassen til eine jenta mi pluss eit par seniorspelarar til å dømme. I år kaller me inn foreldra til alle fotballspelarane i heile klubben samt alle junior og seniorspelarar. Og sjølv då er det ikkje nok slik at me har også med ein del som ikkje er foreldre/spelarar på dugnad. Leser du dette og føler at du har lyst å delta er det berre å ta kontakt!

3 – Kor mange lag er med ? Fyrste året hadde me 25 lag med og spelte alle kampane på Øystese Idrettsplass.  I fjor var det 125 lag og i år vert det sannsynlegvis ca 150 lag.  Kampane går på 9 forskjellige arena.  4 baner på Idrettsplassen, 2 baner i hotelhagen, 1 bane på barneskulen, 1 bane på Mikkjelsflaten og 1 bane i Busdalen

4 – Kvifor skal lag komme til Øystese Cup ? Eg vil trekke fram to ting. 1 – alt ligg i eit steinkast avstand. Dvs du treng ingen transport for å komma deg mellom baner, overnatting, barnedisco, middag, idrettshall, kiosk osv. 2 – Me tilbyr individuell tilpasning for  alle lag.  Alle kamper vert sett opp manuelt av meg slik at eg prøver å tilpasse alle lag sine ynskjer for kamptidspunkt, motstander osv

5 – Kva er det beste / verste med å arrangere Øystese Cup ?  Det beste er at det er kjekt å sjå so mange unge fotballspelarar som koser seg på cup.  Det verste er dei få som berre dropper å møte på dugnad utan å skaffe ein erstatter (noko som skaper ekstra arbeid for dei som møter).  Erfaringsmessig so er det dei samme som lar vera å møte kvart år

Til Kristi

1 – Kor mange har du til frokost / middag ?  Fyrste året hadde me 80 personer til middag og serverte lapskaus, dei seinare åra har me gått over til Taco på middagen.  I fjor hadde me 600 til middag og i år vert det vel enda fleire

2 – Kor mange vafler går det i løpet av Øystese Cup ?  I fjor solgte me mellom 9000 og 10000 vafler under cupen. I år kjem me nok til å passere 10000 vafler

3 – Har de nokon sunne alternativ i kiosken ?  Det er masse sunne alternativ i kiosken.  I fjor hadde me både fiskewraps og sushi samt masse frukt

4 – Kva er det beste med maten under Øystese Cup ? Det kjekkaste er når folk skryt over kor bra det er. Me serverer rykande ferskt brød til frokost og legger stoltheten vår i at det skal vera innbydande å komme til frokost/middag. Sjølv om det er mykje arbeid i løpet av helga og me treng nokon veker på å lade batteria etter cup gler me oss alltid til neste cup