Telenor Xtra Øystese               

Øystese Fotball jobbar godt i aldersbestemt klasser, og eit av tilboda til borna er ein fotball-SFO. Hausten 2012 blei Øystese plukka ut til å delta i det landsomfattande prosjektet mellom Norges Fotballforbund og Telenor. Totalt blei 37 klubbar i heile Norge plukka ut, og Øystese blei ein av totalt tre klubbar i Hordaland, etter ein søknadsprosess.

Telenor Xtra Øystese er eit fotballtilbod til gutar og jenter frå 3 til 7 klasse.  Vi tilbyr dette tilbodet kvar dag, og held åpent frå skuleslutt til kl.16.15

Telenor Xtra Øystese held frå hausten av til i kjellaren i Bedehuset. Her får barna får servert eit sunt brødmåltid før aktivitet, og eit fruktmåltid på slutten av dagen. Barna kan gjere lekser, dei kan spele ulike spel , evt slappe av i eit lite sanserom før aktiviteten startar opp.  Aktiviteten foregår i hovudsak på kunstgrasbana, evt i Idrettshallen/gymsalen om det ikkje er forhold utandørs.

Aktivitetar:

Vi tilbyr eit variert aktivitetstilbod med hovudvekt på fotball. Utanom fotball driv vi skadeførebyggande trening, hurtighet, spenst og bevegelsestrening retta mot fotball og andre ballsporter.  Vi setter individet i fokus og sørgjer for at kvar enkelt spelar skal oppleve trygghet, mestring og trivsel.

Personell:

Daglig leiar: Ole Andre Glesnes

Instruktørar: Christian Kjosås og Ole Andre Glesnes. Avhengig av antal vil det kunne bli ansatt ein instruktør til

Prisar:

Dersom eit born er 1 dag i veka er kostnaden 590,- i månaden Dersom eit born er 2 dagar i veka er kostnaden 1149,- i månaden. Dersom eit born er 3 dager i veka er kostnaden 1595,- i månaden Dersom eit born er 4 dager i veka er kostnaden 2195,- i månaden. Dersom eit born er 5 dager i veka er kostnanden 2590,- i månaden

Utstyr:

Alle barna som deltar på Telenor Xtra Øystese får utlevert godt treningsutstyr frå NFF/Telenor. Treningsgenser, Treningsbukse, Trenings t-skjorte, shorts, sokkar og sportsbag.

Påmelding:

Ynskjer du å melde på bornet ditt for neste skuleår sender du mail til dagleg leiar Ole Andre Glesnes på ffo@oystesefotball.no  Me gjer oppmerksam på at det er begrensa antall plasser og at me opererer med fyrst til mølla prinsippet

.