Mathias Berge som debuterte på A laget i fjor er klar for å redde fleire mål.  Mathias hadde fleire gode opptrednar i Øysteseburet i fjor og A laget var i ein periode ubeseira med Mathias i mål.  Mathias er og ein viktig støttespelar på juniorlaget der han spelar midtstopper medan enda yngre krefter tek vare på keeperplassen.  Mathias er avgangselev ved Øystese Gymnas og det er derfor litt usikker på kva som skjer til hausten men me satsar på at godguten vert lengst mogleg i heimbygda

webredaksjonen har fått eit par ord med keeperen frå Børvenes:

1 – Kvifor fortset du i Øystese ? Eg fortsette då me har eg likar meg godt i klubben og at me har fått inn ein del nye spelara til å heva oss betraktelig i forhold til ifjor.
2 – Kva er ditt beste minne i Øystese drakt ? Mitt beste minne står mellom semifinalen i kretsen på G16 for 3-4 år sidan då me slo Askøy og eg redda straffe, og når eg fekk a lags debuten i vinter ifjor mot Tertnes, ein kamp me vant 3-2 og eg hadde nokre kvalifiserte redningar.
3 – Kva ambisjonar har du på banen? Ambisjonane mine no er å få spela so mykje so eg kan, å prøva å utvikla meg mest mulig.
4 – Korleis trur du det går med Øystese i år ? Eg trur at Øystese kjem til å hevda seg i toppen i år.
5 – Noko du vil sei til fansen ? Komma seg på kamp, so ska me vartfall gjera da me kan for å laga god stemning!

Øystese Fotball ynskjer Mathias lykke til både på A lag og juniorlag i årets sesong