Kring 50 born har i helga vore med på Øystese fotball sin påske-fotballskule. Dei har vore i sving gjennom heile helga, med to timar fredag og seks timar både laurdag og sundag. Med mellom anna instruktørar frå A-laget har spelarane vore innom ulike øvingar. Skot, headingar, dempingar, pasningar, eige keepergruppa har helde borna aktive gjennom helga.

Laurdagen vart avslutta med påskeeggkonkurranse, der det var om å gjera å skyta i mål frå lengst mogleg distanse.