Gutter 10 starta i dag serien. Alltid spennande med seriestart. G10 er eit stort kull bestående av 18 ivrige fotballspelarar og er derfor delt i 3 puljer for at det ikkje skal bli for mange på kampane. Pulje 1 og 2 møtte i dag Osterøy på heimebane og guttane fekk ein god start. 10-1 enda kampen i favør av Øystese.

Også andre lag som hadde fyrste seriekamp i dag fekk ein god start. G12 som er samme situasjon som g10 at det er eit stort kull med mange ivrige fotballspelarar har og måtte dela seg opp i fleire puljer. G12 tok turen for å møte Os Gepard. Sjølv om guttane frykta gepardane på forhånd var frykten ubegrunna og guttane kunne reise heim med heile 11-0 siger

j17 møtte Osterøy/Fotlandsvåg/Hausvik på heimebane. Laget med det korteste navnet altso Øystese tok ein fortjent heimesiger med 2-1 og starta dermed med 3 poeng i årets serie

Også j14 skulle ha starta serien i dag men Tertnes kunne ikkje møte slik at den kampen går lørdag so satser ein på like god start for laga som er i aksjon lørdag