Etter å ha fått dei to fyrste kampane avlyst då motstandarane ikkje kunne stille var det endelig klart for kamp for jenter 12. Motstander Eikelandsfjorden hadde tatt turen til Øystese. Jentene frå Eikelandsfjorden viste seg som eit godt lag og tok leiinga i kampen. Til pause leia bortelaget 5-4. Men om bortelaget var eit hakk eller to betre enn Øystese i fyrste omgang skifta kampen karakter i andre omgang. Jentene frå Øystese tok over initiativet, vann duellane og leverte godt spel og mange scoringer. Jentene gav seg ikkje før det stod 12-6 til Øystese