Juniorlaget med tre nye poeng etter dagens bortekamp mot samarbeidslaget Kringlebotn/Minde. Frå trenar Ole Andre Glesnes har me fått denne rapporten:
«På noko som må vera Hordalands minste bane måtte me legga om vår vante taktikk til 4-4-2. Me skjønte fort at det ikkje vart sambatakter og flott fotball men me var innstilt på å kriga og prøva å spela ball. Kampen starta som forventa med masse duellar og mange kast. Sakte men sikkert fekk me eit visst overtak som me tidlig utnytta. Etter litt klabb og babb bles dommaren straffe etter ein hands situasjon. Toppscorar Mathias Berge er sikker frå 11meteren og dermed står det 1-0. Guttane forsett å kjøra kampen og det går ikkje lang tid før stjernespelar Torbjørn Femsteinevik Stakseng får kriga inn ballen etter eit av tusen kast. Same mann sett inn 3-0 på ein corner frå Joakim Lillevik etter snaue halvtimen. Me går dermed til pause med ein komfortabel 3-0 leiing.

2.omgang blir veldig lik som den første. Mange duellar og mykje kriging. Me slit litt med å halda trøkket oppe og heimelaget hevar seg eit par hakk utan at det blir veldig farlige situasjonar. Keeper Lars Mundheim Oma hadde knapt vore i aksjon før han meisterleg reddar ein kjempesjanse etter 10 minutt ut i 2.omg. Me spelar litt meir fotball utan å komma til dei store sjansane. I pausen snakka me om at det var store rom på vår høgrekant utan at me hadde utnytta det. Lynkjappe Beng vart dermed flytta opp frå sin vante backposisjon. 4-0 kjem av at han fossar nedover kanten og slår knallhardt inn. Innlegget går via eit Kringlebotn-bein og i buret. På tampen av omgangen får Kringlebotn straffe men Lars reddar også den og me reiser heim med tre poeng og null baklengs. Ein god gjennomført kamp av heile troppen som talde 14 mann.»

Ole A