Øystese sine juniorjenter tok i mot Varegg til kamp tirsdag kveld på heimebane.  Øystese tok tak i kampen umiddelbart og fekk fyrste scoringa kjapt signert Monika Femsteinevik Stakseng. Kort tid etter auka Martine Fagerbakke Skeie til 2-0.  Monika gav Øystese 3-0 leiing før Varegg reduserte på eit komisk sjølvmål. To Øystesespelarar krasja i kvarandre foran eget mål og ballen går i mål utan at nokon Vareggspelarar er i nærheten. Martine scorer to gonger til før Varegg kvitterer på nytt slik at pauseresultatet er 5-2 til Øystese. Martine fortsett der ho slapp i fyrste me å gje Øystese 6-2 etter sidebytte. Varegg reduserer til 6-3 på straffe før Eli Laupsa auker til 7-3.  Varegg prøver å skape litt spenning med å redusere til 4-7 men nærmare kom aldri Varegg for Vilde Linga aukar til 8-4 før 5 målsscorer Martine fastset sluttresultatet til 9-4