Øystese sitt juniorlag hadde 9 poeng etter tre kamper før dei møtte Os på bortebane. Ein tøff bortekamp der ein måtte slite for poengene men Øystese tok 3 poeng og sørga for full pott etter fire kamper. I ein jevn kamp gav Simon Hollekve Øystese leiinga 1-0. Simon dominerte på midten og var ein av dei toneangivande på Øystese i kampen. Os utliknar og det ser lenge ut som det skal gå mot poengdeling. Men eit par minutter før slutt får Joas Vare Vik stjernetreff frå 20 meter og ballen suser inn til 2-1 som vert sluttresultatet. Øystese har fått ein perfekt opning med juniorlaget med 12 poeng etter dei 4 fyrste kampane