Gutar fødd i  2008 har vore ei gruppe på 17 spelarar. Kullet har vore delt i to lag, Øystese blå og Øystese kvit. I vårsesongen har me spela kampar internt, samt mot Norheimsund g2008 og Ålvik jenter 10. I tillegg har me vore med på Øystese cup.

Me starta opp treningar rett etter påske, og allereie etter berre ei trening var det rett på kamp. Det hadde nok gjort seg med nokre treningar til før kamp, men me kom fort inn i fotballspelinga. På treningane har me hatt ulike øvingar for teknikk, spelplassering og skotøvingar. Samstundes som øvingane skal utvikla spelarane, skal dei vera kjekke å gjennomføra.

Utviklinga har vore bra gjennom våren, og me ser at samspelet og speleforståinga har utvikla seg fleire hakk den siste tida. På Øystese cup møtte me fleire gode lag frå Bergen, og me såg at her hadde me noko å strekkja oss mot. Her var det og mange kampar på kort tid, noko som gav god kamptrening.  Tysdagen etter cupen var det ny serierunde, og det var tydeleg at det var ein gira gjeng som var klar for kamp att. Det hadde tydeleg gjort seg med mange kampar i helga, for begge laga storspelte!

Gjennom våren har det vorte både sigrar, uavgjort og tap, men borna har hatt det kjekt og utviklinga vore god.

Me ynskjer alle ein god sommar!