Denne våren har gutar 10 for fyrste året spelt i seriesystemet med fleire reiser mot Bergenskanten mot lag der gutane har møtt god motstand. Utan å gå inn på kvar enkelt kamp i detalj har gutane levert gode fotballprestasjonar i kampane dei har spelt. Alle 18 gutane frå fjoråret blei med vidare på årets lag, flott at alle held oppe gløden. Treningane byrja rett over påske ute og me hadde berre ei trening før fyrste kamp. For å lette logistikken blei gutane delt inn i tre grupper der to grupper til ei kvar tid stilte på kamp etter eit fast rulleringssystem. Dette har fungert greitt etter at me fekk sett opp skikkelege lister. Det har vore spanande å følgje gutane og dei fleste kampane har vore jamne i store deler av tida, men der ein brei stall nok har vore avgjerande på slutten av mange kampar til Øystese sin fordel. Dette har medført at Øystese vann sine kampar denne våren unnateken den siste. Nokre med eit par mål i overtal, ofte scora mot slutten, andre med litt fleire. Det viktigaste å registrere er den jamne gode innsatsen gutane har vist, men eit felt har gutane eit utviklingspotensiale på, nemleg å logga seg på frå start for det har teke litt tid før dei kjem skikkeleg i gang. Heldigvis har det ikkje fått for store negative konsekvensar så langt. Ein bortekamp mot Fotlandsvåg gjekk ut på grunn av at heimelaget Fotlandsvåg ikkje klarte stille lag.
Ein ting som kjenneteiknar gjengen er treningsiveren for det er veldig godt oppmøte på treningane me har hatt to gonger per veke utanom kamp denne våren.
Høgdepunktet denne våren sett bort frå seriekampane må nok seiast å vere Øystese-cup kor me stilte med to lag. Her blei det mykje neglebiting fordi mange kampar enda med uavgjort, ein med eitmålstap og ein med tomålssiger før sistekampen mot Mariampole. Denne blei jamn og etter fyrsteomgang stod det uavgjort, men gutane frå Litauen viste fotballferdigheiter i heile kampen og var hakket kvassare i andre omgang og drog i land sigeren.  I siste seriekampen 8.juni mot Fri gutar 10 fekk gutane demonstrert fotballferdigheiter på høgt nivå. I den kampen møtte dei eit solid lag som før kampslutt hadde putta eit tosifra tal ballar i mål mot våre gutar. Av og til treng ein ta med lærdom frå slike kampar også, ein kan ikkje vinne alt og dette viser at ein bør og skal strekkje seg endå litt meir.
Alt i alt ein svært innhaldsrik og positiv vårsesong for gutar 10 som gjer at me som trenarar ser fram til haustsesongen og komande kampar. Gutane har altså spela 6 kampar denne våren der 5 har enda med siger og ein med eit solid tap.

Svanberg – Sigmund og Jan Tore