Litt seint kjem her oppsummeringa av vårsesongen g 11
På G 11 spelar 12 gutar frå samme klasse. I vinter hadde me inne trening i hallen kvar onsdag, dette blei godt motteke av gutane og oppmøte var veldig bra.
Nytt i år var 7 fotball og deltaking i Bergenserien. Overgangen til 7 fotball har gått fint. Å reise på kampar som starter i Bergen kl 1700 har til tider vore krevande å rekke . Men foreldre har vore flinke å stille opp. Laget har møtt jevn motstand, har fått nokre fleire tap enn seierar. Det har vore god innsats av alle spelerar.
Laget deltok på Øystese Cup, her møtte me tøff motstand av nokre gode bergenslag. Men me klarte å vinne 2 kampar.
Vårsesongen blei avslutta med Lerum Cup i Sogndal. For nokon blei det første turen uten «mammo og pappen», lite søvn , mange nye inntrykk. Turneringa enda med 2 sigrar og 3 tap. Ein kjekk tur med gode opplevelsar for alle som deltok.
Me har teke i bruk App Spond til organisering av laget, dette har forenkla organiseringa og ført til at me får god oversikt. Løysinga har blitt veldig godt motteke av foreldra.