G16 har hatt ein strålande vårsesong og har vunne alle kampane sine.  Trenar Ole Andre Glesnes har sendt oss fylgjande oppsummering

Vårsesongen starta med ein tøff bortekamp mot Åsane 2. I eit surt og fælt ver fekk me ein tøff start då me låg under 1-0 til pause mot eit godt lag. Me følte likevel i pausen at me hadde vore da førande laget og gjekk utpå med ei klar målsetting om å vinna kampen. Etter ein strålande 2.omgang reiste me heim med 5-3 seier og 3 fortjente poeng. Resten av våren gjekk på skinner og me har sidan 1-0 ledelsen til Åsane ikkje lugge under. Veka etter Åsane møtte me Voss 2 og vant komfortabelt 14-1 i årets første heimekamp. Deretter kom dei kanskje to tøffaste kampane sett i ettertid. Mot eit Vaksdal/Dale/Stanghelle lag som slo veldig mykje langt fekk me aldri til vårt spel men vant til slutt 2-1. Mot Arna Bjørnar 2 rota me unødvendig  vekk ein trygg 2-0 leiing men ein sluttspurt gjorde at me vant 4-2. Dessverre klarte ikkje Osterøy 2 stilla lag mot oss så der fekk me servert tre poeng, men i neste runde fekk me oss ein tur til Osterøya likevel då me møtte Valestrand/Hjellevik 2. Resultatmessig vart det ein bra tur og me vant til slutt 8-0. I siste runde var det duka for lokaloppgjer mot Norheimsund. Kampen endte til slutt 3-1 og G16 gjekk dermed ubeseira gjennom heile vårsesongen. Med flest mål per kamp scora, minst innslupne og flest poeng må det seiast at Øystese vart ein fortjent avdelingsvinnar. Dei gode resultata inneber at Øystese rykkjer opp ein divisjon til hausten og får tøffare matching i haustsesongen