Øystese sitt juniorlag møtte i dag Fana til kamp. Vanlegvis har ein hatt med dei beste g16 spelarane på juniorkampane men i dag kolliderte juniorlaget sin kamp med g16 sin seriekamp mot Norheimsund. Alle g16 spelarane ville heller spele kamp og slå Norheimsund enn å vera med g19 på avgjerande opprykkskamp. Det var derfor ein tynn tropp som i dag tok turen til Nesttun idrettspark for å møte Fana. Status før kampen var at Øystese sitt juniorlag leda serien med 6 poeng (etter 6 strake sigrar) med to kamper att. Ein var derfor avhengig av minimum 1 poeng for å vinne avdelinga og rykka opp til hausten. Juniorlaget fekk ein brutal åpning på kampen då Øystese kom under allerede etter 2 min. 2 minutt seinare tråkla Andreas Henriksen Cats seg gjennom og fekk straffe. Den tok han sjølv og satt den sikkert i nota. På sin andre sjanse i kampen scora Fana sitt 2.mål. Eit ufarlig skudd skifter retning og lander rett i beina på ein heilt umarkert Fana spelar. Øystese kjørte resten av omgangen og skapte fleire store muligheter men ballen ville ikkje inn. 2-2 kom midtveis i 2.omgang, igjen ved Henriksen Cats. På 2-2 fortset Øystese å brenna store sjansar uten å uttelling. Det ender dermed 2-2. Litt flatterende resultat for Øystese sin del men etter å ha sikra avdelingsseier og opprykk gjorde det ikkje så mykje at årets fyrste poengtap kom.
Her ser du tabellen
https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/tabell/?fiksId=154861