Etter innledande runder er ein no komen til sluttspel for ungdomslaga under Lerum Cup. 11 og 12 årslaget har ikkje noko sluttspel medan det for 13 og 14 års laga no er vinn eller forsvinn.

G13 rauk ut med minst mogleg margin i åttendedelsfinalen i B sluttspelet. Då kampen nesten var slutt var stillinga 3-3 og Øystese hadde ein corner meir enn motstander Vadmyra. Men like før slutt får Vadmyra ein corner slik at det er likt også i antal cornere. Dermed må kampen avgjerast på loddtrekning. Flaksen er ikkje på g13 si side og dermed ut av turneringa.

J13 rauk også ut i åttendedelsfinalen men i A sluttspelet. Der vart det slutt på cupeventyret då ein møtte eit godt Folleselag som hadde vunne alle sine kamper. Kampen var jevn men Follese trakk det lengste strået då dei fekk 2 mål medan Øystese fekk ingen

G14 er videre til semifinalen i B sluttspelet etter å ha banka Stranda 7-1 i kvartfinalen. Større enn sigersjubelen var jubelen då tidlegare trenar og A lagstrenar Joao Vitor dukka opp i Sogndal. Kanskje får han sjå sine tidlegare elever i finale på søndag ?

J14 er klar for bronsefinale etter å ha tapt klart for eit meget solid Austevoll lag i semifinalen. I bronsefinalen søndag møter j14 Lusterlaget Bjørn. I seriespelet tapte ein knepent 2-1 for dette laget so kanskje revansjen kjem i bronsefinalen ?