Øystese sitt A lag hadde i dag ein tøff bortekamp i Knarvik mot NBK. På ei stor grasmatta i eit varierande vær var det NBK som opna best. Kun minuttet var gått du superspiss Snekkevik satte ballen i stolpen bak Øystese keeper Christian Kjosås. NBK fortsett å presse og tek fortjent leiinga då Snekkevik banker inn 1-0 frå ca 10 meter. Øystese kjem meir med i kampen og utliknar etter fint spel. Andreas Kanestrøm legg fint ut 45 grader og Vitor Martelo scorer. Begge lag har gode sjanser til å ta leiinga men to gode keepere sørger for at pauseresultatet er 1-1. I andre omgang hever Øystese seg og tek leiinga på ein nytt fint angrep. Sebastian Skåre legg over til Martelo som dribler av ein mann og dunker ballen i vinkelen. Det tek berre eit minutt frå Øystese leder 2-1 til ein roter det til i forsvar. Nede i hjørnet av 16 meteren lager Øystese eit unødvendig straffespark. Vågenes på NBK er sikker på straffe som vanleg og laga står likt igjen. Avgjørelsen fell 10 minutt før slutt. Eit frispark vert slått inn i feltet og ingen tek ballen før Adrian Valle plutseleg får den heilt åleine 2 meter frå mål. Adrian kan ikkje bomme frå 2 meters hald og Øystese er tilbake i leiinga. Siste 10 minuttane vert lange baller frå NBK og mange mann fram. Øystese forsvarer seg heroisk. 2 minutt på overtid vert Christian Kjosås skada og Øystese har ingen reservekeeper. Christian må berre fullføre kampen og dei to siste minutta av dei 4 minutta med overtid er det ping poeng inne i Øystesefeltet. Men etter eit par lange overtidsminutt bles dommeren endeleg av og Øystese kan feire 3 nye poeng

Dette skriv lokalavisa i Knarvik

http://www.strilen.no/sport/i/421Pq/NBK-hadde-sjansar_-Oystese-skara-mal