Sidan kun spisser og midtbanespelarar var møtt opp til bortekampen mot Hordvik vart spissane Matias Møvik og Sebastian Stenqvist plassert i midtforsvaret. Men mange offensive spelarar sørga for at måla nok ein gong rann inn i ein B kamp. Øystese 2 er det laget som har scora mest og sluppet inn nest mest i denne avdelingen. Denne gongen gjekk dei fleste måla inn i motstander Hordvik sitt mål. Andre Matos (4), Kristian Pettersson (2), Sebastien Kyemo (2) og Andreas Kanestrøm (2) sørga for at det vart 10-3 til Øystese 2. Ein annan kuriositet i kampen var at både far og sønn var på banen i samme kamp. Siste kvarteret var Joakim Lillevik og Arild Lillevik på kvar sin ving for B laget