Trio sine 12 års jenter hadde tatt turen frå Husnes for å møta Øystese j12 i dag. Kampen starta bra for Øystese som tok leiinga tidleg i kampen. Trio sine jenter snudde kampen då dei både utlikna og tok leiinga 2-1 i løpet av ein fem minutters periode. På slutten av omgangen scora Øystese slik at laga var like langt til pause. Etter pausen var det litt meir futt i Øystese jentene og mesteparten av spelet foregjekk på Trio sin banehalvdel. Presset resulterte i to scoringer slik at Øystese tok sigeren med 4-2 til slutt