Det var Skåre på begge sider av banen då Loddefjord gjesta Øystese i dag. Heine Skåre på Øystese g13 skulle kjempa med fetter Olai Skåre på Loddefjord. Loddefjord var hakket betre enn Øystese i fyrste omgang og kunne gå til pause med ei 2-1 leiing. I starten av andre omgang hadde Øystese ein god periode. 3 kjappe mål gjorde at heimelaget hadde snudd kampen til 4-2. På slutten av omgangen tok Loddefjord over kampen. Mesteparten av spelet foregjekk på Øystese sin halvdel og det var ikkje ufortjent at Loddefjord sin stjernespelar scora på to flotte langskot. 4-4 og eit poeng til kvart av laga