Jenter 12 møtte i dag naborival Norheimsund til seriekamp. Jentene frå Øystese kom kjapt ut av startblokkene og etter omtrent eit minutt hadde Pia Fagerbakke Skeie gjort 1-0 til Øystese. Eit par minutt etter hadde Anette Børve Steinstø dobla leiinga. Etter den raske kalddusjen fekk Norheimsund slått tilbake og kom til eit par gode sjanser. På ein av dei reduserte dei til 1-2.  Øystese jentene slo tilbake og eit mål til av Pia samt eit av Tuva Mæland sørga for ein 4-1 leiing til heimelaget ved pause. Etter pausen starta Norheimsund best og fekk ein ny redusering. Pia sørga for at det ikkje blei noko meir spennande då ho auka til 5-2.  Banens yngste Thea Fykse sørga for at Øystese fekk nok eit mål på slutten slik at kampen enda 6-2 til Øystese