Eit Vossalag i haustform tok i dag imot Øystese til viktig kamp i 4 divisjon. Begge laga var avhengig av tre poeng. Øystese for å halde liv i opprykksdraumen, Voss for å halde nedrykksspøkelset på avstand. På grunn av mange karantene og skadeforfall hadde Øystese børsta støv av Cato Guntveit. Det viste seg å vera eit sjakktrekk. 42 år gamle Cato styrte midtbanen og satte sine halvparten so gamle med og motspelere heilt  i skyggen. Voss var aggressive og trøkka til i duellene frå start. Kanskje dei var litt for tente for det enda opp med 5 gule og 1 raudt til Voss. Det var og eit frispark som gav Øystese leiinga. Matias Møvik legg inn og der stiger Anders Næs til værs og nikker inn 1-0. Den stillinga held seg til pause. Etter pause kombinerer Heine Dalatun og Joao Pereira fint på kanten. På eit perfekt innlegg kan Matias nikke inn 2-0. Med få innbyttere må trenar og keeper Christian Kjosås sette inn seg sjølv på topp på slutten når kreftene tek slutt hos Matias. Det gjev umiddelbart tellende resultat. Christian kjem åleine med keeper. Istadenfor å skyte legg han ballen tilsides til Sebastian Skåre som kjem på eit løp bakfrå. Sebastian kan då breiside ballen inn til 3-0. Like etter legg Arild Hammer inn til Christian som nikker inn 4-0 men dommer annulerer for offside slik at kampen ender 3-0.  Øystese er i solid haustform for tida og det ser ut til å bli ein høgdramatisk avslutning i siste seriekamp heime mot Arna Bjørnar 28 oktober. Men før den tid skal Øystese spela ein vanskleg bortekamp mot Loddefjord neste laurdag

 

Foto: Ingvild Siglen Berger.