Medan A laget slo Loddefjord borte med to mål gjorde jenter 17 det same på heimebane. J17 jentene har hatt ein tung haust med skadar og lite folk. I dag var det 16 spelarar disponible og alt låg til rette for haustens første seier. I bortekampen mot same lag i vår vann jentene 9 -5. Sidan den gong har Loddefjordjentene trekt det beste laget sitt og stilte dermed sterkare til denne kampen. Første del av 1. omgang var Loddefjord best, men Øystese kom meir og meir med og etter ca 25 min sprang Elsa Lofthus Rosseland frå Loddefjordforsvaret. Ho og keeper nådde ballen samtidig, men Elsa vann duellen og sette ballen i mål, 1 – 0 til Øystese som heldt seg til pause. Monika F. Stakseng sette inn 2 – 0 eit kvarter ut i 2. omg med eit fint skudd som gjekk over keeper. 3 – 0 vart det då Monika drog seg ned mot dølinja, sendte ballen 45 grader ut att til Katrine Waage som var på rett plass og sette inn 3 – 0. Etter dette pressa Loddefjord på og fekk mange cornerar på rad. Til slutt vart det mål. Det var omtrent det siste som skjedde i kampen. 3 – 1 til Øystese og tre poeng.  Torsdag ventar serieleiar Mathopen 2 borte før sesongen vert avslutta med lokaloppgjer mot Norheimsund 2. november heima i Øystese. God kamp av jentene mot Loddefjord, noko som lovar bra for dei to siste kampane.