Øystese Cup 2018

ØYSTESE CUP 2018

Øystese Fotball inviterer til Øystese Cup for aldersbestemte lag siste helga i mai! Cupen vert arrangert for sjette gong i 2018. I fjor deltok 125 lag og over 1000 glade fotballspelarar i alderen 7 til 12 år.  Øystese Cup kan garantera at alt du treng er i gangavstand. Kamparenar, overnattingsplass, matservering, barnedisko,badeandløp, butikkar, badestrand, idrettshall osv kan du gå til.

Øystese Fotball håper alle laga som deltok i fjor samt mange nye tek turen til Øystese i mai

Dato: 25-27 mai 2018
Stad: Øystese Kunstgrasbane, kunstgrasbane ved barneskulen, grasbane i hotelhagen, grasbane på Mikkjelsflaten og grasbane i Busdalen
Klassar: Gut 7, 8, 9, 10, 11 og 12 år.   Jente 7, 8, 9, 10, 11 og 12 år.
Speletid: 2 x 14 min
Tal spelarar: 5-ar lag frå 7-10 år.  7-ar lag for 11 og 12 år.
Tal kampar: Minimum 3 kampar til lag som ikkje overnatter. Minimum 4 kampar for lag som overnatter 1 natt og minimum 5 kamper for lag som overnatter 2 netter
Pris: 800 pr lag.

Generell info:
Me kan tilby måltid og overnatting på skule. Prisen for dette er 400,- pr deltakar og dette inkluderar overnatting frå laurdag til sundag, frukost sundag og middag laurdag. Ved overnatting frå fredag til sundag vert kostnaden 100,- ekstra og inkluderer ein ekstra frokost i tillegg til ein ekstra overnatting

Det vert open kiosk under heile turneringa.
Alle deltakarar vert premiert.
Badeandløp og barnedisko på Hardangerfjord Hotel på lørdagen

Kampoppsett og tidsskjema vert lagt ut på heimesida til Øystese Fotball (www.oystesefotball.no) like etter at påmeldingsfristen har gått ut. Det vert også sendt på mail til kontaktpersonane på kvart enkelt lag.

Påmelding:
Send e-post til post@oystesefotball.no eller turneringsleiar roger.x.vassnes@gsk.com.
Påmelding innan 10.mai 2018.
Betaling til kontonr.: 3633 54 20084, merk med lagnamn og klasse

Av |2017-11-20T21:04:57+01:0021. november 2017|0 Kommentarer

Del sida med andre, velg plattform!

Legg igjen en kommentar

Gå til toppen