Innkalling til årsmøte i Øystese Fotballklubb.

Årsmøtet vert i Bedehuset 4. januar kl 18:00. Saker ein vil ha tatt opp på årsmøtet må vere styret i hende innan 20. desember.

Saker kan sendast på mail til : post@oystesefotball.no

Rekneskap og budsjett vert framlagt på årsmøte.

Vel møtt!

Saksliste :

1. Godkjenning av dei med stemmerett.

2. Val av møteleiar, referent og to til å signere protokoll

3. Godkjenning av innkalling og saksliste

4. Årsmelding

5. Godkjenning av rekneskap 2017 og budsjett 2018

6. Innkomne saker

7. Val