Øystese cup nærmar seg med store steg, og dette er eit stort arrangement. For at hjula skal gå mest mogleg knirkefritt rundt, er ein avhengig av dugnadsinnsats frå foreldre og andre.
I lenkja under finn du dugnadslister for cupen. Eit av vedlegga viser totaloversikten , og eit viser pr. kull/barn. Det er viktig at du sjekkar kva oppgåve/dugnad du er sett opp på!

Om det ikkje høver, byter du med nokon andre og gjer beskjed til hovudansvarleg.

Dette er eit stort arrangement, så me er avhengige av at alle stiller opp!

Øystese fotball takkar på førehand for di hjelp!

Øystese Cup dugnadsoversikt 2018 (oppdatert 25.05.2018)

Dugnadsplassering under Øystese Cup 2018 – sortert pr. lag