Eit særs effektivt Viking 2 -lag kan ta med seg tre poeng på bussturen attende til Stavanger, etter å ha scora seks mål mot Øystese. Siddisane hadde med seg tre A-lagspelarar til Hardanger, og er trena av tidlegare Vikingspelar Thomas Pereira.

Viking tok leiinga etter kring 30 minutt, før dei dobla nokre minutt seinare.

Etter kvilen var det eit tent Øysteselag som kom utpå. Laget jakta redusering, og eit innlegg som ein Vikingforsvarar skulle klarera , enda med sjølvmål til Øystese og redusering til 1-2. Viking fortsette med effektivt spel, og auka til 3-1 og vidare til 4, 5 og 6 utan at Øystese klarte å svara.

Øystese hadde fleire sjansar til å scora både 2 og 3 mål , men det ville seg ikkje framfor mål i dag.

Kamprapport fotball.no