Etter å ha komen litt skeivt i gong i serien har det no for alvor løsna for juniorlaget til Øystese. Dei tre siste kampane har alle gitt tre poeng. I dag var Kvernbit/Nordre Holsenøy på besøk i Øystese. Kampen var berre 1 minutt gammal då Øystese tok leiinga. Innlegg frå Håvard Botnen satte Øystein Lammedal i mål. Resten av omgangen var prega av fleire store sjanser til Øystese men avslutningane havna alle andre plasser enn i nettet bak keeperen til bortelaget som forøvrig gjorde fleire gode redninger. I andre omgang fortsatte Øystese presset men det var istadenfor Kvernbit/Nordre Holsenøy som fekk nettkjenning. Øystese var litt for tøffe innanfor 16 meter og dagens gode dommer dømte straffe til bortelaget. Kvernbits kaptein sendte keeper Lars Mundheim i eit hjørne og ballen i det andre. Med 1-1 stod kampen og vippa før Daniel Onarheim avgjorde då han satte inn sigersmålet ti minutt før slutt. Dermed klatrer Øystese til tredje plass på tabellen som du kan studere på vedlagte link

https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/hjem/?fiksId=160594