Øystese sin siste juniorkamp mot Norheimsund var flytta fram til denne helga då alle elevane på Framnes kristne vidaregåande var ferdig med skulen då kampen egentleg skulle vore spelt. Og sidan majoriteten av juniorlaget til Norheimsund er Framneselevar måtte ein flytte kampen om dei skulle stille lag. Men sidan nabooppgjer er ekstra kjekke vart kampen flytta. Stor stemning på tribunen då omtrent heile Framnes var på plass. Frå trenar Ole Andre Glesnes har me fått fylgjande rapport:

Norheimsund/Framnes-Øystese 1-2 (0-1)
For ein kamp og for ei ramma! Eg har aldri sett så mykje folk på ein tribune før i ein juniorkamp. Stor hyllest til både heimelaget og bortelagets supportarar. Det må ha vore ellevilt å vera utpå der.
Kampen startar rotete for vår del. Norheimsund er skikkelig på høgget og trøkker til i både dueller og press. Dei jagar kvarandre og det var heilt tydelig at dei ville virkelig vinna denne kampen. Me er gode i presset og, men me slit veldig med å gjera dei rette valga med ball. Det virker til tider at me har litt høge skuldrer. Kampen vippar att og fram, men når vårens komet Tor Borve Rasmussen går i krigen for 150 gong denne sesongen og kjem først på ein retur så står det 0-1 til oss. Etter scoringa føler eg me styrer det meir og me får trilla meir ball. Me går til pause med 1-0.

I pausen gjer underteiknande fleire endringar. Litt på grunn av det taktiske og litt på grunn av varmen og at me har kamp i beina 2 dagar før. Det er på ingen måte nokon som gjer ein dårlig prestasjon, men når me har så god tropp gjeld det å bruka den rett. Eg føler me går utpå i 2.omg og gjer det me vart enige om. Me får litt meir kontroll sjølv om dei kjem på nokon farlige overganger. Me kan nok takka hurtigtoget Nithit Michai for at dei ikkje skapar meir i 2.omg. Dei får likavel 1-1 scoringa si og det tenner virkelig håpet hos dei igjen. Etter 1-1 får dei satt oss litt under press, men me er ikkje utfarlige me heller og Wejdi Younis sett iskaldt inn 2-1 utover i omgangen. Resultatet står seg heilt inn og me tar vår 5 seier på rad og vår tredje 2-1 seier på rad.

Slik ser tabellen ut:
https://www.fotball.no/fotballdata/lag/tabell/?fiksId=145796