Fjorårsvinnar Bjølvefossen måtte melde forfall til årets bedriftscup slik at det uansett var duka for ny vinnar i lørdagens Sparebanken Vest Bedriftscup. Fleire jevne kamper i puljespelet med høg temperatur både på grunn av sola og gamle vinnerskaller som gav alt for bedrifta si. Øystese lærarlag imponerte i innledande runder og møtte Jan Mo i eine semifinalen. Lærane viste seg som det beste laget og feide Jan Mo av banen. I andre semifinalen møttes Lingalaks og Techno. Ein jevn kamp der Lingalaks gjekk av med sigeren. Sidan Øystese lærarlag hadde slått Lingalaks i puljespelet var dei knepne favoritter før finalen. I ein jevnspelt finale var det 1-1 til pause. Etter pause fekk spelande manager Tore Haukaas på Lingalaks gjort dei rette taktiske grepa. Lingalaks scora vinnarmålet og vann finalen 2-1. Sidan Lingalaks hadde 40 års feiring samme dag var det kanskje passande at dei tok den største pokalen med seg. På banketten etterpå hadde dei fleste laga unnskyldningane klare for korfor ikkje dei vann og samtidig taktikken klar for korleis dei skulle vinne neste Sparebanken Vest bedriftscup som vert avvikla i oktober