Øystese sitt jenter 15 lag møtte Odda på bortebane i siste kamp. Begge laga stod med kun eit tap før siste kamp slik at vinnaren av oppgjeret i Odda ville og vinne avdelinga. Øystesejentene stilte bortimot fulltallig i Odda. 17 jenter leverte bortimot årsbeste og valsa over Odda. Dårleg utteljing sørga for at det stod kun 2-0 til pause. Emma Kristiansen og Ronja Garen stod bak måla. For tredje gong i år fekk jentene straffe og for tredje gong satte ei jente ballen utanfor mål. Trenarane Øivind Kristiansen og Roger Vassnes vil derfor ha straffetrening i heile sommer. Men om ein ikkje scorer på straffer scorer ein på andre sjanser. Kamilla Vik Linga scora på eit flott langskot og Ronja Garen scora sitt andre slik at Øystese leia 4-0 før Odda fekk straffe i siste minutt. Dei var litt betre på straffer enn Øystese slik at sluttresultatet vart 4-1 og bortesiger til Øystese sitt j15 lag som samtidig vann avdelinga si