Gutter 14 avslutta vårsesongen med å ta imot Varegg på heimebane i dag. Allerede etter eit minutt burde Øystese tatt leiinga men brenner ein enorm sjanse. Omgangen er jevn men Marius Hellingsrud sørger for at Øystese kan gå til pause med 1-0 leiing. Då han vert spelt igjennom er han sikker med venstrefoten og avslutter nede i hjørnet for keeper. I andre omgang er Marius servitør og på innlegget banker Anders Botnen inn 2-0. Varegg har og nokon gode sjanser men godt forsvarsspel av Øystese sørger for at det står 2-0 til det gjenstår fem minutt. Då reduserer Varegg til 2-1. Men nærmare kjem dei ikkje og Øystese kan feire tre poeng på heimebane i siste vårkampen