Øystese sitt g14 lag hadde i dag besøk av Vadmyra. Øystese dominerte fyrste omgang medan Vadmyra dominerte andre omgang. Kampen var knapt komen i gong då Marius Hellingsrud gav heimelaget leiinga 1-0 då han blei spelt fri på kanten. Ikkje lenge etter auka kaptein Heine Skåre til 2-0 på eit langskot. Då Brage Vines satte inn 3-0 virka kampen over. Øystese tok ein fortjent leiing med seg inn til pause. Men ett eller anna må ha skjedd i pausen for kampen skifta totalt karakter i andre omgang. Vadmyra reduserte to gonger før Christian Huun gav Øystese leiinga 4-2. Men dei siste tjue minuttane var det kun Vadmyra. Eit massivt press gav kun ein redusering slik at Øystese satt att med alle tre poenga