Øystese sine juniorjenter spelte årets siste kamp der eit Øysteselag var involvert. Kampen var på heimebane og Mathopen var gjester. Etter to uavgjorte kamper som enda 2-2 i dei foregåande kampane var Øystese sine juniorjenter klar for å avslutta med 3 poeng. Ronja Garen gav heimelaget leiinga på ein gjennomløpning. Lena Linga Berge dobla leiinga då ho kom fri på kanten og skaut med venstre foten utagbart for keeper. Mathopen reduserte og laga ny spenning i kampen.  Elsa Rosseland Lofthus sørga for å roe nervene til heimepublikummet då ho like etter Mathopen si redusering på ny sørga for 2 måls leiing.  Med 3-1 til pause var Øystese fast bestemt på å ikkje sleppe Mathopen inn igjen i kampen. God jobbing i andre omgang sørga for at Mathopen ikkje kom til nokon farlege sjanser. Og når Ronja Garen scora eit mål til på ein ny gjennomløpning var det klart at årets siste kamp enda med Øystesesiger.