Øystese målte krefter mot Voss sitt A lag torsdag kveld i Øystese. I ein jevn kamp var det Voss som tok leiinga i fyrste omgang. Ein flott krossoverpasning vart nikka tilbake i feltet frå bakerste stolpe. Der kom det ein Vossaspelar og feia ballen i mål. Øystese hadde og gode sjanser til å score. Både Øyvind Berge og Vitor Martelo var åleine med keeper men skudda gjekk enten over eller på Voss sin keeper. I mål for Voss var tidlegare Øystese keeper Kenneth Klette som leverte ein god kamp. Vegvesenet sørga for at andre omgang kun varte i 30 min då dei skulle stenge vegen i Granvin. Kampen enda derfor 1-0 til Voss.

Øystese takkar for Voss for kampen og ynskjer dei lykke til når seriealvoret startar om ein månad