Torsdag var ein god jentedag for laga til Øystese. Jenter 17 var på tur til Askøy og møtte Vestsiden Askøy. Etter eit drømmetreff frå heimelaget i starten av kampen havna Øystese under 1-0. Eit enda større drømmetreff burde skaffa Øystese utlikning. Frå 30 meter smalt Camilla Hellingsrud eit frispark i krysset heilt utagbart for keeper. Alle jubla men dommeren hadde markert for indirekte frispark slik at frisparket var for godt. Hadde keeperen fått ein liten finger på ballen hadde det blitt mål.  Til tider godt spel frå Øystese skapte masse sjanser og det var heilt fortjent at Emma Kristiansen utlikna like før pause.  Etter pause fortsatte Øystese med presset og hadde heile 3 annulerte mål (2 for offside og 1 for å ha vore ute før den blei satt i mål) men til slutt satt den og Ronja Garen blei matchvinner. 3 poeng heim til Hardanger for Øystese sitt j17 lag
Jenter 14 som er eit samarbeidslag med Norheimsund hadde heimekamp i Øystese og etter ei litt nervøs start på seriepremieren vart det til slutt 5-1 til heimelaget etter mål av Jasmin Golis og Anna Flotve (4)
Jenter 12 starta og serien på torsdag med heimekamp mot Nordhordaland. Fyrste kamp nokonsinne med offside for Øystese jentene men dei takla det bra. Øystese jenter 12 er eit sterkt kull og dei leverte mykje bra på banen og vann til slutt 7-2