Øystese Cup dugnadsoversikt 2019 (sortert pr. aktivitet) – oppdatert 24.05

Dugnadsplassering oversikt pr person Øystese Cup 2019  (sortert pr.lag)

Øystese cup nærmar seg, og dette er eit stort arrangement. For at hjula skal gå mest mogleg knirkefritt rundt, er ein avhengig av dugnadsinnsats frå foreldre og andre.
I lenkja under finn du dugnadslister for cupen. Eit av vedlegga viser totaloversikten , og eit viser pr. kull/barn. Det er viktig at du sjekkar kva oppgåve/dugnad du er sett opp på!

Fylgjande forutsetninger er lagt til grunn ved utfylling av dugnadslistene:

1 – Alle som har barn (frå 2000 – 2012) i Øystese Fotball vert sett opp på 1 dugnad. Har ein to born med vert begge foreldra satt opp.
Tre eller fleire born med gjev ikkje meir dugnad. To dugnadsøkter er maks

2 – Alle spelarar 2005 og eldre vert satt opp på 1 dugnad.

3 – Alle fulltidsansatte vart satt opp på 1 post kvar dag.

4 – Kvar post er på ca 4 timer. Nokon litt kortare (dømming) og nokon litt lengre. Dette er den einaste dugnaden ein vert bedd om å stille
på i Øystese Fotball slik at ein forventer at alle stiller/skaffer vikar.

5 – Det er litt færre satt opp helg 2 av den enkle grunn at det er ein del færre lag påmeldt helg 2.  130 lag fyrste helga og 70 lag andre helga

For å finne deg sjølv i systemet kan du gå på excelarket som heiter dugnadsplassering oversikt pr person. Der kan du gå på laget bornet din speler på og finne ut kor du er plassert. Gul farge = helg 1 og Grønn farge = helg 2.  Dersom du ikkje finn deg sjølv må du ikkje tru at du er gløymt for du er ein plass! Ikkje nøl med å ta kontakt med oppmann eller meg om du er det minste usikker på kvar du skal vera eller kva du skal gjera!

Kva gjer du om du er vekke det tidspunktet du skal ha dugnad ?

Det er tre alternativ
1 – Bytter med ein av dei 500 andre postane i dugnadsoppsettet

2 – Får mann/kone/elskerinne/far/mor/nabo/unger til å stille på posten din
3 – Betaler nokon for å stille opp for deg.  I fjor vart det betalt 500 kr av dei som solgte dugnadspostene sine.  Eg kjenner til eit par
portugisere som treng å tjene nokon kroner so gje ein lyd om du vil selge posten din

Dersom du gjer ein av desse tre alternativa so gjev du beskjed til hovudansvarleg på posten kven som kjem i din stad

Som den observante lesar vil finne ut er det ein del ubesatte poster i dugnadsoversikten.  Dette då det er veldig mange som desverre er slutta med fotball i 2019.  Dei ubesatte postane vil bli besatt av
1 – Personer som starter opp med fotball no etter 1 mai

2 – Personer som er interessert i å stille opp på meir enn 1 dugnadspost (ikkje nøl med å melde deg om du har lyst å gjere ein ekstra innsats)

3 – Betalte personer
Forhåpentlegvis får me fylt opp med alternativ 1 og 2 men mest sannsynleg so vert det alternativ 3

På forhånd takk til alle som stiller opp! Hugs me vil gjerne ha alle laga tilbake i 2020 og det beste virkemiddelet for det er å ta imot dei bra
slik at dei får ein god cupopplevelse!

Mvh
Roger

Øystese Cup dugnadsoversikt 2019 (pr.aktivitet – oppdatert 24.05)

Dugnadsplassering oversikt pr person Øystese Cup 2019  (sortert pr.lag)