For 22. året på rad arrangerer Øystese Fotball TINE fotballskule. I år er det 12-16 august som er tidspunktet for den årlege TINE fotballskulen i Øystese. Øystese Fotball ynskjer fotballglade born frå 6 til 13 år frå heile Hardanger velkommen til TINE fotballskule. Det vert fem dagar med fotballmoro, forskjellige øvelser, konkurranser, kamper, turnering m.m I tillegg får alle sjølvsagt mat og drikke samt utstyr frå TINE (bl.a sekk og t-skjorte). Alle får lunsj og det vert grillmat nokon av dagane medan det vert brødmat + frukt dei andre dagane. Alle dagane vert det drikkeprodukter frå TINE.

Tidspunkta er 10-15 mandag til fredag

Det er A lags spelarane og A lags trenarane samt ein del andre kompetente fotballtrenarar som er instruktører ved TINE fotballskule i Øystese. Dei gledar seg til å jobbe med fremtidige stjernespelarar. Kostnad er 200 pr dag. Dersom nokon born ynskjer å delta heile veka/alle fem dagane er prisen 800. For påmelding og meir info sender du mail til post@oystesefotball.no
Antall plasser er begrensa til 100

Øystese Fotball ynskjer DEG velkommen til fem dagar med fotballmoro i Øystese!