Jenter 15 har hatt ein veldig god vårsesong utan eit einaste tap. Einaste poengtapet kom i toppkampen mot Nordhordaland då det vart uavgjort.  Øystese var likevel avhengig av god målforskjell i siste kampen då Nordhordaland også hadde vunnet alle kampane og hadde betre målforskjell enn Øystese. Men jentene feide all tvil til side i siste kampen mot Bergen Nord på bortebane.
Øystese vann myntkastet, Øystese var smarte og valgte å byte side, slik at Øystese fekk god medvind i fyrste omgang. Det resulterte i ein pangstart med 0-1 etter eit minutt. Øystese fortsatte det høge presset og leia 0-5 etter eit kvarter. Fyrste redusering til heimelaget kom ikkje før stillinga 0-7. Øystese scora to mål til før Bergen Nord reduserte til 2-9. Til pause var stillinga 2-11.
Heimelaget fekk bokstavleg medvind frå start i andre omgang og putta to kjappe mål. Men trenar Vitor Martelo fekk justert laget og demma opp for både motvind og motstandarane resten av kampen. Samtstundes scora jentene fire til, slik at sluttresultatet vart 4-15 til eit svært velspelande og effektivt Øysteselag.
Målscorarar var: Camilla Hellingsrud (5), Ingeborg Hovland (2), Sigrid Bruflat (3), Leah Garen (2), Live Tonning Kjøsnes, Linnea Stryker-Vassnes og Fredrikke Rasmussen
Storsigeren betyr at Øystese sine jenter 15  har kvalifisert seg til å spela 1 divisjon til hausten. Det innebærer langt tøffare motstand enn det Bergen Nord klarte men det vert spennande å sjå korleis Øystese j15 klarer seg mot dei beste laga i Hordaland til hausten