Øystese sitt A lag har hatt ein tung vår. Tapa har blitt mange og baklengsmåla enda fleire. Ingen har sluppet inn fleire mål enn Øystese. Men i siste kampen var det lenge håp om poeng. Trio tok leiinga etter berre to minutt. Men Vitor Martelo snudde kampen med to mål. Øystese fekk ikkje vera lenge i leiinga før Trio utlikna. Stillinga 2-2 stod seg lenge takka vera god innsats av Svenn Egil Aarekol i Øystesemålet. Men lag i motgang har gjerne ikkje marginane med seg. Og heller ikkje i denne kampen vart det noko poeng å hente då Trio scora det avgjerande målet i det 89 minutt. Øystese har ein stor jobb foran seg om det ikkje skal bli nedrykk. Ingen lag i 4 divisjon slepp inn fleire mål enn Øystese so spesielt defensivt er det veldig mykje å gå på.
Men fortsatt er det mange kamper og mange poeng å kjempe om.