Øystese sitt A lag spelar ikkje ofte 0-0. Men i dag når dei møtte Os 2 enda kampen utan scoringer. Sist gong det skjedde var for over 8 år sidan mot det laget som den gong heite Fyllingen.  2951 dager og 221 offisielle kamper er det sidan Øystese verken klarte å score eller å sleppe inn mål. Begge lag hadde sine sjanser til å score i dag. Øystese var nærmast scoring då Jens Aase satte eit frispark i innsiden av krysset før den triller bortover streken.  Ein halv centimeter til høgre og den hadde gått stang inn.  Øystese hadde føringen i andre omgang før dommeren av uforståelege grunner viser ut Jan Marius Skulstad. Jan Marius har ballen og skal klarere den ut. Ein Os spelar kaster seg inn og Jan Marius treff han etter ballen er klarert ut. At det skal kvalifisere til direkte raudt skjønnar verken Os, Øystese eller  publikum. Men VAR er desverre ikkje i lavere divisjoner i Norge. Etter utvisningen er det Os som tek over kampen men Lars Mundheim Oma held buret reint for andre kamp på rad. Dermed vert det poengdeling i dagens kamp