Øystese Fotball inviterer til Øystese Cup for aldersbestemte lag 22-24 mai og 29-31 mai. Me arrangerer Øystese Cup to helger for å unngå å sei nei til mange lag. Du melder på til den helga som passer best. Me har begrensa plasser og ynskjer å halde på konseptet vårt om kompakt og bilfri cup. I fjor deltok over 200 lag og over 2000 glade fotballspelarar i alderen 7 til 12 år.  Øystese Cup kan garantera at alt du treng er i gangavstand. Kamparenar, overnattingsplass, matservering, barnedisko, butikkar, badestrand, badeland, idrettshall osv kan du gå til.

I 2020 står og eit heilt nytt Hardangerbad klart og eit nyopppussa og utvida Hardangerfjord Hotel opnar 1 mars. Sjølv om hotellet ikkje opnar før 1 mars kan du allereie no booke plass der gjennom oss sidan me har holdt av 50 rom
Sidan det er begrensa plasser anbefaler me å melde seg på tidleg slik at ditt lag er sikker på å få den helga de ynskjer

Øystese Fotball håper du og ditt lag tek turen til Øystese og Hardanger i mai

Dato: 22-24 mai og 29-31 mai
Stad: Øystese Kunstgrasbane, kunstgrasbane ved barneskulen, grasbane på Mikkjelsflaten, grasbane i hotellhagen og grasbane i Busdalen
Klassar: Gut 7, 8, 9, 10, 11 og 12 år.   Jente 7, 8, 9, 10, 11 og 12 år.
Speletid: 2 x 13 min
Antal spelarar: 5-ar lag frå 7-9 år.  7-ar lag for 10-12 år.  (tilbyr og 5er til småklubber som ikkje klarer å stille 7er i 10-12 år).                                         Antal kampar:
Minimum 3 kampar til lag som ikkje overnatter. Minimum 4 kampar for lag som overnatter 1 natt Minimum 5 kamper for lag som overnatter 2 netter

Pris: 850 pr lag.

Generell info:
Me kan tilby måltid og overnatting på skule. Prisen for dette er 400,- pr deltakar og dette inkluderar overnatting frå laurdag til sundag, frukost sundag og middag laurdag. Ved overnatting frå fredag til sundag vert kostnaden 100,- ekstra og inkluderer ein ekstra frokost i tillegg til ein ekstra overnatting

Det vert open kiosk under heile turneringa.
Alle deltakarar vert premiert.
Barnedisko i Holmatun på lørdagen

Kampoppsett og tidsskjema vert lagt ut på heimesida til Øystese Fotball (www.oystesefotball.no) like etter at påmeldingsfristen har gått ut. Det vert også sendt på mail til kontaktpersonane på kvart enkelt lag.

Påmelding:
Send e-post til post@oystesefotball.no eller turneringsleiar roger.x.vassnes@gsk.com.
Påmelding innan 8.mai 2020.
Betaling til kontonr.: 3633 54 20084, merk med lagnamn og klasse