Torgeir Børven har levert ein enorm prestasjon i årets sesong. 21 mål har superspissen frå Øystese dunka inn. Øystese Fotball gratulerer so mykje.

Torgeir debuterte på Øystese sitt A lag i 2006 mot Odda. Øystese tapte den kampen 5-1 men Torgeir scora sjølvsagt målet. Det var mange som meinte at han den gong var alt for ung til å spele på seniorlaget som 15 åring. Torgeir sin hittil siste kamp for Øystese kom i 2007 mot Askøy 2. Torgeir scora sjølvsagt i den kampen og. Eit lite djupdykk i arkivet og her kjem referatet frå Torgeir sin siste kamp for Øystese:

Startoppstilling i dagens kamp mot Askøy:
Harald Seim
Leif Tore Gjerde
Martin Berge
Lars Øystese Mæland
Espen Lillefosse
Eivind Madsen Skeie
Erlend Øystese Mæland
Tomas Haugsøen
Torgeir Børven
Morten Jacobsen
Kristian Petterson

Innbyttere
Jostein Soldal inn for Espen Lillefosse
Eirik Stranden inn for Martin Berge
Gaute Flatabø inn for Morten Jacobsen
Roger Vassnes inn for Torgeir Børven


05.08.2007 – 18;00 Øystese idrettsplass
Øystese- Askøy 2

Referat:
Askøy 2 starta kampen best og tok leiinga mot eit tamt Øysteselag.
Torgeir Børven utlikna og Kristian Pettersson sette inn 2-1 på straffe ei stund etter. Askøy 2 kom sterkt attende og kunne gå til pause med 3-2
leiing etter at heimelaget slapp inn to mål til.

Etter kvilen var det eit skjerpa heimelag som kom på banen og Kristian Pettersson kunne notera seg for ytterligare tre mål til. I tillegg putta Tomas Haugsøen eitt slik at det til slutt vart 7-3 til Øystese.